OLPC i norsk skule?

MSN-diskusjonar kan føre til mangt, og i ettermiddag heiv Odin ut eit spørsmål om kvifor ikkje (Negropontes) OLPC var til stades på BETT-messa nokre av oss var til stades på i London førre veke. Kan hende kan slike maskiner svelgje unna behovet vi har for maskiner elevane kan nytte til å surfe, lese og skrive? I alle høve viss dei, som føreslått, kan selgjast til skular i-land, som ved å kjøpe ei maskin forpliktar seg til å kjøpe ei maskin ekstra til ein unge i eit vanskelegstilt land? I dei daglege dontane treng ein ikkje stort meir enn det ein får på desse maskinene, og fastmonterte maskiner (langt færre i antalet) vil kunne nyttast til film- og lydredigering, med meir. Skulen får dermed robuste (på alle vis) maskiner til ein brøkdel av kostnadene til vanlege PC-ar, i tillegg til at ein elev i eit u-land (har ein lov å seie "u-land"?) får ei maskin.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Åpen skole / GPL, Maskinvare. Bokmerk permalenken.

4 svar til OLPC i norsk skule?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *