Er ein laptop per elev daufødd?

Rogaland fylkeskommune (RFK) påbyr alle elevar som startar på VG1 det komande skuleåret å kjøpe ein berbar PC til bruk i undervisinga. Dette påbodet kjem trass i at det er vedteke at alle læremiddel skal bli gratis, og tanken er å tilby gratis digitale læremiddel. Eg støttar langt på veg eit slikt prosjekt, av ulike årsaker.

Likevel er det interessant å skotte til andre som meiner dei har svært negative røynsler med ein laptop per elev. Denne artikkelen i NY Times rapporterer nettopp om skular som har hatt lange prosjekt gåande der alle elevar har kvar sin laptop, og som har avslutta prosjektet av di dei ikkje finn målbare auker i kunnskap. Kan hende nettopp dette med at dei ikkje finn målbare auker i kunnskap er det interessante her.

Framstegsoptimismen knytt til teknologi har sjølvagt røter langt tilbake i tid. Daniel Appollon har skrive eit flott kapittel om dette kopla til IKT i boka Humanities Education and the challenge of e-Learning, der han mellom anna koblar synet på utdanning saman med samfunnsforholda for øvrig. I eit samfunn der teknologi ligg bak all form for vekst, er det ikkje unaturleg at teknologien blir ein agent for kunnskapsvekst. Ein følgjeleg mekanisk og kontrollert struktur vil då kunne liggje til grunn for læringssystema, slik vi ser det i læringsportalar som it's learning. Kunnskap i dette paradigmet er noe som ligg lagra som einingar i læraren, og som blir overlevert i ei rett linje frå lærar til elev. Eleven overtar desse einingane, og kan i gjevne situasjonar demonstrere kunnskapen sin ved å reprodusere dei, eller jamvel kople dei saman med andre kunnskapseiningar, sjølververva eller overtatt frå læraren. 

Det er lett å sjå kor enkelt eit slikt kunnskapssyn gjer det. Det er for det første enkelt å administrere undervising og læringssituasjonar, sidan dei krev ein nokså rigid struktur utan å utfordre autoritetane. Det er vidare enkelt å måle kva kunnskapar du har fått etter ei viss tid, og demonstrere for verda rundt deg at systemet fungerer. Dersom vi skal skotte til systema vi har for å måle kunnskapar i vår del av verda, lesetestar og store undersøkingar i fleire fag (som til dømes PISA etc.), ser vi kan hende at dei løner eit slikt kunnskapssyn, eller paradigme. I alle høve er det sikkert at dagens eksamenssystem i Noreg (og i dei fleste andre land, slik eg kjenner det) er bygd opp rundt eit slikt kunnskapssyn. Eg førebur mine 3.-klassingar på ein eksamen der det blir forventa at dei har kjennskap til ein kanon, og kan avlevere ei utlegning av denne kjennskapen i ein korrekt sjanger (skriftleg eller munnleg). 

Meiner ein derimot noe anna om kva kunnskap er, blir alt langt meir komplisert. Innanfor den svære og klumpete sosialkonstruktivistiske sekken finn ein idear om at kunnskap er noe som oppstår mellom menneske i dialog, altså ikkje som ei overlevert eining i rett linje mellom lærar og elev. Å søkje kunnskap handlar dermed om prosessar, ikkje pugg. Det er derfor ikkje urimeleg at målesystema for oppnådd kunnskap i det eine systemet ikkje passar for det andre systemet.

Viss vi luktar godt etter, kjenner vi kan hende her lukta av hundelik. Det gjer i alle høve eg. Verda ein elev møter når ho sit med ein eigen laptop kopla til Internett er heilt ulik verda i dei aller fleste skulestover. Dei alle fleste av aktivitetane hennar handlar om samankopling, dialog og samarbeid: Blogger, MySpace, Facebook, MSN — alt handlar om dialogen med andre. Internett er i sin essens dialogisk; det handlar om ein brukar som styrer ei datamaskin i eit nettverk av andre brukarar med sine datamaskiner. Brukaren er nøkkelen, ikkje maskina. Snarare enn, som nokre skular i artikkelen eg nemner øvst gjer det, å sjå på dette som eit hinder for læringa, bør det sjåast på som ei gåvepakke til den sosialkonstruktivistiske vendinga i kunnskapssynet. Artikkelen i NYT peiker nettopp på at ein ikkje kan måle ei auke i kunnskapane for dei som har laptopar, samanlikna med dei som ikkje har det. Dette burde ikkje vere ei overrasking; det er svært vanskeleg å måle avstanden mellom to planetar ved hjelp av ei badevekt.

Ta eitt døme til: NYT-artikkelen nemner som døme på eitt av problema dei har, at elevane heile tida greidde å knekke tryggleikssystemet til nettverket på skulen. For kvart tiltak skulen gjorde, følgde elevane på. Men er dette eit problem? Du har alltid eit gjerde nokre har lyst til å lage eit hol i, anten gjerdet er rundt ein server eller ein bygning. Eg er overtydd om at dette er eit problem som handlar om kva syn ein har på mennesket, snarare enn eit teknisk problem. Jon Hoem kritiserer nettopp dette i ein bloggpost; tendensen til alltid å mistenke andre for det verste, og vise dei mistillit ved å opprette juksefilter etc.

Likevel: Det desse elevane gjorde er å oppsøke kunnskapar på eit svært høgt nivå for å løyse eit problem i samarbeid med andre, ved hjelp av IKT. Paradoksalt nok bidrog desse til å fjerne sine eigne datamaskiner, ved hjelp av metodar eg og mange med meg meiner kunne ha ført skulen nokre steg vidare. Tilbake til pugginga, altså, for resultatet av pugg kan målast og gjerast til eit politisk og økonomisk poeng.

Til hausten skal vi altså utstyre alle VG1-elevar med kvar sin laptop. Eg er nokså sikker på at ei manglande forståing av mulegheitene IKT byr på vil føre til den same konklusjonen hos oss: At IKT distraherer elevane meir enn dei gjev dei kunnskapar. Skuledagen må omorganiserast, og heile eksamensordninga må tilpassast verda slik vi gjerne ser på ho i dag. Berre svært trivielle problemstillingar kan løysast ved at du sit i fullstendig isolasjon og gulpar opp det du måtte ha fått med deg av informasjonsbetar i løpet av X år i eit klasserom.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Klasserom og data, Kunnskapsløftet, Maskinvare, Web 2.0. Bokmerk permalenken.

4 svar til Er ein laptop per elev daufødd?

  1. Tilbaketråkk: Liv Kristins weblogg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *