Kursserie for RFK

Dei neste vekene går i hovudsak med til ein kursserie for Rogaland fylkeskommune, primært for lærarar som skal undervise i VG1 til hausten. Kurset blir halde av Leif Harboe og meg, og handlar om digitale ressursar til bruk i norskundervisinga. Eg må seie eg er imponert (så langt) over kondisen til desse kurstakarane; vi gjennomgår svært mange verktøy på kort tid, og det skal litt til å henge med i svingane for folk som ikkje har halde på med dette før.

Oppdatering, by request:

Vi gjennomgår følgjande, med døme frå eiga undervising:

– ulike tips i bruk av it's learning, særleg mynta på norsklærarar (prøve, test, undersøking, oppgåve, søk, lenkesamling)

– ulike måter å rette på skjerm (Word, Direct Edit og Markin)

– Wikispaces (gruppeskriving, publisering av fagtekstar, eleven som produsent)

– Blogger (blogg til bruk som refleksjonsreiskap, eleven som produsent, dialog i skriving)

– Photostory (subsidiært JumpCut) (samansette tekstar i digitale medium, Digital storytelling)

– Podcast

– Google Docs (prosessorientert skriving)

– Google Reader/Bloglines/Delicious (å sortere ressursar, halde kontroll på ei mengd ressursar)

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Klasserom og data, Kunnskapsløftet. Bokmerk permalenken.

1 svar til Kursserie for RFK

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *