Når drifta blir det sentrale ….

… og systemadministratorane blir viktigare enn elevar i skulen:

Rogaland fylkeskommune kunngjer i eit notat rett før skulestart at lærarar ikkje får bruke private maskiner i skulens (trådlause) nettverk. Dersom du skal vere pålogga, skal maskina vere underlagt fylkets administratorkontroll, medan du som avlogga brukar kan tukle med maskina som du vil, men utan tilgang til nettverk og nettverkstenester på skulen (utskrift, felleslagring, Internett, etc.). Eg reknar med, utan å vite det, av di notatet ikkje seier noe om dette, at det same gjeld elevmaskiner.

Leif Harboe og eg har brukt våren på å kurse fylkets (hovudsakleg norsk-) lærarar i bruk av IKT i norskundervisinga, med vekt på mulegheitene alle verktøya som nokså upresist sorterer under "Web 2.0"-paraplyen byr på.* Dette har vore ei udelt positiv erfaring, der vi har sett at pedagogar augner mulegheitene for ei anna skriveopplæring desse samhandlingsverktøya opnar opp for: Bruk av Google Maps/Earth for å framstille og lagre stoff i andre dimensjonar enn det skulestilen eller rapporten byr på, verktøy for å redigere, lagre og publisere ulike typar samansette tekstar (JumpCut, Photostory, YouTube, etc.), verktøy for samskriving (Google Docs, Blogger), måtar å samle og sortere kjelder/fagstoff (delicious, Google Reader), med myke meir. 

No set altså fylket ein effektiv stoppar for denne typen IKT-pedagogisk utviklingsarbeide, av reine bekvemmelegheitsårsaker. Eg trudde tida då ein måtte argumentere i utallige møter via rektor for å få opna tilgangen til YouTube var over. Men, nei. No tar fylket tre gode steg tilbake, og det heilt utan å spørje noen som helst av dei pedagogisk tilsette i fylket som har arbeidd med IKT og pedagogikk om råd. 

I dette tilfellet er det ikkje eit argument i det heile at eit så stort system blir enklare å administrere: Det er tale om eit IKT-pedagogisk tilbakefall til ei røynd vi levde i i 1990. Eg har ingen sympati med eit regime som så til dei grader ignorerer alle pedagogiske trender og alt IKT-utviklingsarbeide og refleksjonar kring bruk av IKT i skulen dei siste 30 åra. Fylkets IKT-administratorar: Dette får de berre fikse! Opne opp maskinene til både lærarar og elevar, og finn løysingar på virusproblematikk etc. deretter. Koss skal de gjere dette? Det har eg ikkje peiling på, men eg skal heller ikkje ha peil på dette, men på pedagogisk bruk av IKT.

Berre gjer jobben dykkar: Opne opp for at IKT kan vere eit læringsverktøy, ikkje eit yrkesval for nerdar utan auge for kva ei datamaskin kan brukast til.

 

* Reklame: Leif kjem i den næraste framtida med ei bok om dette emnet, altså om bruk av IKT i norskundervisinga. Eg er trygg på at dette blir ei svært god bok, med eit praktisk siktemål, så de kan trygt byrje å planleggje innkjøp :-)

 

 

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Klasserom og data, Læremidler, Maskinvare. Bokmerk permalenken.

1 svar til Når drifta blir det sentrale ….

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *