Min tidlegare skule, Forus vidaregåande, har frå i år av forlatt den fylkeskommunale webmail-tenesta (SquirrelMail) og gått over til eit bedriftsabonnement på ei Gmail-pakke, der alle held på den gamle adressa si, i tillegg til at dei får tilgang til alle dei andre Google-tenestene (Docs, Picasa, Calendar, etc.). Elevane blir i tillegg bedne om å opprette kvar sin Gmail-konto, og oversiktar over prøver, innleveringar og vekeplanar etc. blir lagt ut som ein Google Calendar, og elevane har dermed fullt oversyn over skulekvardagen sin gjennom dei ulike kalendarane. I tillegg skal elevane ta backup av skulearbeid på Google-kontoen sin.
No set Google søkelyset på utdanningssektoren, og fleire universitet og skular har hoppa på tenesta Google For Educators, som i prinsippet er x antal Google-kontoar med litt skreddarsøm, dersom ønskjeleg.
Kva moralske kvalar bør eg ha for å tilrå ein skule å forlate treige (fylkes-) kommunale system, ei håplaus handtering av tryggleiksspørsmål (jamfør posten under) og dyre lisensar, og begjærleg gripe ei gratis pakke for mail, backup, bildelagring, -framvising og (enkel) -behandling, og ikkje minst tekstbehandling (Google Docs)?
Orsak meg viss eg er blåaugd, men hadde eg vore rektor, hadde eg insistert på IKT-autonomi, kutta internettlinjer og forpliktelsar til (og krav frå) fylket, og køyrd eit heilt eige oppsett for IKT, med det fremste målet å fremje pedagogiske interesser. Linux på alle maskiner som skal brukast i skulenettet, einskilde stasjonære maskiner for spesialoppgåver (musikk, video), og så mykje som muleg av skulearbeidet online.
7 svar til Google For Educators