Face-YAWN-book

Er det fleire enn meg som byrjar å bli lei Facebook? Odin lenkjer under til ein artikkel om privatlivets fred, men det eg byrjar å bli alvorleg lei av på Facebook, er den uendelege straumen av meiningslause meldingar, invitasjonar, filmsnuttar, og så bortetter, som folk som på ein eller annan måte er definert som mine vener pøsar på meg. Dette er ikkje ein plass å henge ut for å pjatte lenger, det er ei søppelfylling av digitalt rask som konstant blåser støv og skit i mi retning. Eg orkar ikkje tanken på eit nytt sentimentalt seriedikt frå ei velmeinande studievenninne som vidaresender nokre tankar om kor verdifull akkurat eg er, eller formidlar ein tragisk historie om ein kreftsjuk gut på 5 som treng 5000 medlemmar i ei Facebook-gruppe, og eg orkar ikkje super-, hyper-, überpokes, gifts, bitchslaps eller quiz'ar som fortel meg kva kake i kakeboksen eg er. Det er derfor det er over 300 ulesne meldingar i innboksen eller på Wall'en min, eller var det Super, Über eller Hyper Wall'en, og eg ser ikkje føre meg å respondere på ein einaste førespurnad om kor eg første gongen traff den og den, ei heller poke ein einaste ein. Eg er på ferie og veit ikkje heilt når eg er tilbake.

Akkurat no hadde eg før ete middag med eit heilt skift telefonseljarar heller enn å byrje å grave i haugen av skit som ligg opphopa på Facebook-sida mi. Viss nokre av dei som er i venekrinsen min på Facebook les dette: Ikkje send meg ein einaste YouTube-snutt til om morosame hundar eller snåttete ungar som ler — eg har lyst til framleis å like både venene mine, morosame hundar og ungar.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Web 2.0, Ymse. Bokmerk permalenken.

6 svar til Face-YAWN-book

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.