… tør vere eit kjent tema. Eg er ein Mac-brukar av legning, men liker mange ting ved Windows, og bruker XP på jobb, men likevel er eg overraska over kor fort ein kan bli ramma. Her er erfaringane mine frå dei tre siste dagane. Eg tenkjer med gru på koss dette kan arte seg i eit fylkeskommunalt nett, med tusenvis av tenåringar med kvar si utgåve av Windows:

Dag 1, om kvelden: Mellom eit par episodar av The Wire (sesong 3, no ventar eg på at sesong 4 kjem på DVD i februar) får eg ei melding på MSN av ein tidlegare elev, om lag slik: «Hei, du! Er dette et bilde av deg [smilefjes og animert spørjeteikn]? Fant det på Facebook, det hadde din mailadresse under [lenke til ei nettadresse med mi mailadresse til slutt].

Eg klikkar på lenka, av di eg får slike meldingar heile tida, men virusprogramvaren på maskina fortel meg at her er det noe muffens, så eg får ikkje opna lenka. Eg lèt det vere med det.

Dag 2, om morgonen: Eg får ei melding av Odin (som skriv her til bloggs, og som er i MSN-kontaktlista mi) om at eg spyr ut meldingar som eg sjølv har fått, via MSN. Eg sjekkar maskina igjen med 3 ulike typar virusprogramvare (eitt som universitetet har preinstallert, AVG free edition og Spyware Doctor, som skal ta trojanarar etc.), og reinskar ut masse gruff. Maskina oppfører seg rart, og eg kjem meg ikkje inn på universitetets lokale nettverk. Alt dette bruker eg stort sett heile dagen på.

Dag 3: Eg blir utesteng frå heile UiS’ nettverk, av di maskina mi har ein unormalt høg trafikk. Ein techie kjem innom og reinstallerer alt, og vi håper at alt er bra. Eg bruker resten av dagen på å reinstallere programma eg treng (berre å rekonfigurere Firefox er nokre timars arbeide). Framleis er eg utestengt av det lokale nettverket, og kjem altså ikkje til dokumenta mine.

Dag 4: Det er i dag. No er det morgon, og maskina mi er tydelegvis ikkje rein, og IT-avdelinga vil ikkje opne for tilgang til det lokale nettverket og dermed dokumenta mine. I morgon reiser eg for å kurse skuleleiarar i Bodø, og treng sårt å få tilgang til nokre skjermvideoar eg har laga i Camtasia, som ligg på UiS-serveren min. Fyren som fiksar opp i dette er i møte, og maskina mi er tydelegvis sjuk.

Javel. Er det ein lærdom i dette? Eg hadde gått i den same fella igjen, for med så mange meldingar i løpet av ein dag, er eg avhengig av at teknologien finn farane for meg. Dei fleste, i alle høve. God virusprogramvare, med andre ord, og ikkje det eingong er nok.

Eg har byrja å sjå meg om etter online lagringsmulegheiter (iDisk frå Apple, til dømes), der eg kan ha backup av dei viktigaste dokumenta mine. All mail har eg på Gmail, og passord til ulike programvarelisensar har eg òg lagra online, så eg var nokså kjapt funksjonell igjen etter ein omstart: Så mykje som muleg online.

Men likevel: Det er problematisk at Win er så mottakeleg for skadelege virus som dette. Går det ikkje an å verne seg betre? Eg har brukt ei veke på å kome på plass igjen snart, og dette har eg ikkje tid til ofte.

10 svar på “Windows og virus…”
  1. Odin sier:

    Det er faktisk ikke så vanskelig å sikre seg bedre, men Microsoft har dessverre ikke lagt opp til det. Både i XP og Vista tar Microsoft utgangspunkt i at den vanlige brukeren er administrator på maskinen – og administratorer skal ha lov til alt. Vista har en mekanisme for å spørre etter når brukeren utfører administrative oppgaver, men mange skrur den av (Microsoft har gjort det noelunde enkelt) – og da har alle evt. virus og trojanere full tilgang til maskinen (og nettverket maskinen henger i). Det enkelste er å opprette en egen «vanlig» bruker, altså ikke administrator, som du bruker til vanlig. I XP funker det dårlig for omtrent alle programmer som er laget for XP liker å være i administratormodus, mens i Vista fungerer det noelunde godt. Hvorfor Microsoft ikke har gjort dette til standard tenkning i Vista skjønner jeg ikke. Det er slik OSX, Ubuntu og de fleste andre unix/linux-baserte systemene alltid har gjort.

    Alt online er bra, men du mister tilgang hvis du ikke er online :-) Men å ha en online backup (der online godt kan være en ekstern tjener i skapet til en venn) er alltid er veldig lur ide.

    Antivirus/-trojaner er aldri bedre enn vurderingsevnen til brukeren. «Vil du se et bilde av en flott og veldig naken dame? Klikk _her_ og svar «Ja» på spørsmålet som dukker opp på skjermen».

  2. e sier:

    Kan berre støtte Odin i dette med kontoar og rettar. Eg administrere omlag 180 maskiner og ingen av dei har antivirus – men så køyrer heller ingen som administrator og ingen har lov å installere noko som helst i «driftskontoen» sin. Dette er XPP maskiner og erfaringa er at dei køyrer greit, alle får gjort det dei skal og eg ser sjeldan trojanarar eller virus.
    Eit anna vesentleg poeng er å halde maskine oppdatert. Virus og trojanarar er så sjeldne at eg ikkje virderer å endre praksis med omsyn til antivirus.

  3. arneolav sier:

    Eg anar eit diametralt motsetnadsforhold her, der eg meiner det er XP (og desslike) som er for dårleg dersom maskina går i kne så enkelt som dette (eit brukarperspektiv), og der ein på den andre sida vil hevde at det er brukaren som er for dårleg dersom maskina går i kne så enkelt som dette (eit administratorperspektiv). Alle treng vi å vite kor vi skal fylle bensin, luft, etc. på bilen, men stiftane treng heldigvis ikkje justering berre du svinger til høgre i feil gate. Slik er det med XP; anten må du vere übervarsam, eller så må du rekne med ein reinstallasjon i halvåret.

    Vel, eg kan seie såpass, «e», at hadde du vore min kollega (som systemansvarleg), hadde du hatt meg på nakken til du hadde gjeve slepp på rettane dine. Eg har enno ikkje opplevd ein administrasjon som IKKJE har gjeve etter for gode, pedagogiske argument MOT eit slikt regime som du her skisserer, som utelukkande er laga for å behage driftsansvarlege, ikkje dei som faktisk bruker maskinane. Og eg har jobba på ein god del skular.

    Eg har no kursa hundrevis av lærarar i fylket, og det som går igjen, er vanskane med å installere enkle tillegg og programvaresnuttar som faktisk tala er svært gode (nesten umoglege å unngå) for å oppfylle læreplanen på ein god måte, grunna Novell-klientvaren. Viss det er slik at dei økonomisk gunstige XP-maskinene ikkje toler å bli brukt, må ein jo byte ut driten med noe som kan brukast, sjølv om det kostar tusenlappen meir?

    Og, igjen: Alle får gjort det dei skal? Ja, sikkert, så lenge ein held det skjult for dei kva podcast er, kva filmeditering er, kva Firefox m/tillegg er, koss du enkelt kan lage dokumentarar ved hjelp av mobiltelefonen, bluetooth og pc-en, koss du enkelt lagar ein god samansett tekst ved å laste ned MS Photostory, etc. Det dei får gjort er stort sett det same som i 1980, berre litt fortare. Og du KALDKVELER eit kvart IKT-pedagogisk initiativ, i tryggleikens namn. Dette kan eg gje deg 55 vitnesbyrd på, utan å tenkje meg om.

    Eg fekk ikkje ein gong installert iTunes på jobbmaskina mi, grunna ein for gammal versjon av Quicktime?

    Eg reknar med dette er betre i Vista, det er i alle høve betre i MacOS og sikkert òg i Ubuntu, sjølv om eg ikkje har testa det siste i nettverk. Det er berre så synd at all programvaren, stort sett, er til Win.

    Og når det gjeld å ha alt på nett: Joda, den dagen Internett forsvinn i lause lufta, Odin, då skal eg ete hatten min. Men så langt har Gmail/Google Cal/Google Docs/Google Reader/Zoho Writer/GooSync (pluss ein del til eg ikkje kjem på i farta) ført til at eg har hatt all mail (inkl. alle programvarelisensar), alle avtalar og synkroniseringar med mobiltelefonen, alle todo-ane mine, og mange av artikkelutkasta og boknotata, referansane og PDF-ane, tilgjengelege gjennom mange systemskifte, diskkræsj og som no: Virusåttak. Det er ein mykje større risiko at noe forsvinn på harddisken din enn at Internett dunstar vekk over helga.

    Grrr. Har eit grundig hat/kjærleik-forhold til denne maskina no.

  4. Arne Olav sier:

    Ikkje meininga å late det gå ut over systemadministratorar her, eg er klår over at dette med IKT i skulen, til dømes, har fleire sider, også ei administratorside. Men, når alt kjem til alt, må ein søkje å finne eit system som tener dei overordna måla best muleg, dei som handlar om læring. Viss utgangspunktet skal vere å hindre mest muleg, av di det gjer alt enklare, så er ein likevel på feil spor.

    Og dette viruset som eg fekk vil eg få igjen, rett og slett av di det kom i ein heilt vanleg beskjed, som eg får 100 av til dagen. Då treng eg å stole på teknisk hjelp frå programvaren, slik som eg må stole på bilbeltet den dagen eg er uoppmerksam i trafikken. Mac-en min hadde ikkje blitt infisert, så kvifor skal vi tåle at vi må bruke maskiner som er så dårlege at dei legg seg på rygg og skrevar kvar gong det kjem ein potensiell inntrengar forbi?

  5. e sier:

    Brukarane, dei som har trong for å installer, har tilgong til konto som let dei installere program. Som du nemner så hadde det truleg ikkje gått bra å nekte dei dette. Men, poenget er at dei ikkje skal bruke ein adm konto i sitt daglege virke, den eg kallar «driftskontoen». XPP toler godt å bli brukt berre rammenen for bruken er rett.

  6. Odin sier:

    Men så lenge du forventer at du skal kunne bruke maskinen akkurat slik du beskriver den, må du også godta at du sliter (spesielt) med trojanere. Du vil nemlig ha en veldig åpen og tilgjengelig utgave av Windows (det være seg XP eller Vista) – og da får du trojanere med lett tilgang maskinen på kjøpet. Mac / Ubuntu (linux) har en annen rettighetsmodell enn Windows – og tjener på det, men disse maskinene, som du sier, kjører ikke de programmene du ønsker å kjøre ;-) Så da er du tilbake til Windows – og hvorfor Microsoft ikke har gjort som Apple eller Ubuntu? Nei, si det. Gjøre det lett for brukerne å installere programmer (og trojanere)?

    Etter egne erfaringer her for to dager siden: Vista er ikke et hakk bedre enn XP når det gjelder trojanere. Til og meg jeg fikk en trojaner saftig plassert i oppstartsfilene i registry.

    I forhold til kravet om å være online verken mente jeg eller tror jeg at internett forsvinner, men jeg har vært mange steder med min lille bærbare PC uten at det har vært trådløse nett tilgjengelig – og da er jeg ikke online. Bruke til backup – ja. Filer jeg alltid må ha tilgjenglig – nei.

  7. arneolav sier:

    e: Nettopp. Så lenge ein kan gjere det slik, er det ok. Men, er du no særleg sikrare ved å gjere det på den måten? Meiner du at eg på mi maskin kan, ved sida av admin-kontoen, opprette ein strengt bevokta brukarkonto, som var trygg og god, vel å merke dersom eg var viss på at det som blei installert var reint? Kva med dette MSN-rusket som kom skjult i ei vanleg melding frå ein bekjent?

    Odin: Eg gjer det heilt motsett, etterkvart: Ha alle filer på nettet, og ta backup på maskina av dei viktigaste, eller viss eg veit eg ikkje når nettet noen plass. Eg kan nesten ikkje kome på ein einaste plass dei siste to åra eg har hatt med meg maskina (altså eit miljø eg er i) som ikkje har Internett. På flyet, nei, men då les eg ei bok (eller har lasta ned det eg treng). Elles er det berre campingturar, men då har eg ikkje maskina med meg. Eg har i det heile ikkje med meg maskina når eg ikkje har nettilgang, for det skaffar meg frustrasjonar og dobbelt arbeid.

    Maskinene og bruken av dei er jo i ferd med å bli meir og meir nettsentrert — ei datamaskin utan nettilgang er i dag nokså uinteressant, av di det meste føregår på nett: LMS, lese- og skriveaktivitetar.

    Eg skal heller ikkje overdrive dette med programvare — Apple er såpass stor etterkvart at dei ahr ei god programvareportefølje. Særleg når alt blir meir nettsentrert. Det einaste eg ville sakne på Macen min viss eg brukte han på jobb akkurat no, er Camtasia — gode program for skjermopptak finst knappast for Mac. (Og Win har ikkje Quicksilver — noe Win-brukarar skal vere glade for at dei ikkje veit dei saknar…) Det er berre det at du veit at stort sett alt funkar på Win.

    Eg synest slett ikkje XP er så ille, må det jo seiast. Det har vel utvikla seg til å bli eit nokså stabilt lappverk av kode, med unnatak av dei tryggleiksunnataka vi her drøftar. Det krasjer ikkje særleg meir enn Mac-en min, i alle høve, og oppfører seg jamt over som forventa.

  8. leif sier:

    Noe mye viktigere – jeg vil gjerne låne den 3. sesongen av Wire – har nylig pløyd gjennom sesong 2.

  9. arneolav sier:

    Haha! Ja, anytime! Eg ventar no på 4. sesong + siste halvdel av 6. sesong av Sopranos, som begge kjem medio februar.

  10. linn sier:

    Hei Arne Olav ..

    Jeg leser igjennom bloggen din ,
    Du fikk et bra stort virusangrep på deg
    som jo resulterte i utestengning fra UIS .

    Men det jeg leser utifra bloggen din er at du klikka på linken !
    DEt er ikke veldig smart, I hovedregel så bør man ALDRI åpne linker fra msn eller ligendne
    UTEN å spørre vedkommende hva det er fornoe, feks, duh den linken der, hva er det fornoe .. ..
    Viss vedkomende IKKE svarer eller er frakoblet eller med en gang går frakoblet, skal du konkludere med at dette
    er et virus.. Send melding til vedkommende at vedkommende har virus, og jeg anbefaler at du forteller ham at han får en uke på seg for å få vekk virus linkene
    ellers så blokkerer du ham midlertidig, til han har fått ordnet opp,

    Som du sikkert lærte, er det beste du kan gjøre å re-instalere XP ved et virusangrep,
    husk å formater pcen, men husk å lagre alle dokumentert på en ekstern lagringsenhet (ekstern hardisk, minne penn osv. )
    , dersom det ikke er hauger å lass anbefaler jeg deg å gå inn i dokumentene , kopiere teksten å lime de inn i google documents, da enkelte filer kan ta med seg viruset …

    Gode tips:
    -Bruk betalte antivirus programmer – kaspersky er en av de bedre, Norton kan sluke endel «kapasitet/CPU» av pcen din..
    -Bruk betalte brannmurprogrammer –
    -Bruk Ad-Aware – (fjerner litt spyware og hauger på ad ware, og en god del malware )
    -prøv gjerne også Spybot Search and Destroy, den fjerner det meste av spyware (sånne så ligger å lurer og kan spre sensitiv info om deg) , samt at den ordner opp i
    registret,
    – Få tak i en XP cd, eller noe, da du kan få bruk for den ved senere anledning ( feks ved virusangrep)

    – En god måte å renske pcen sin er å formatere den , dette kan være tidkrevende, og du er nødt til å ha instalasjonsfilene til de viktigste programmene dine,
    det er anbefalt å gjøre det fra tid til annen kanskje en gang i året, OBS: sørg for at du har instalasjons cd/fil til ALLE programmer du ønsker å beholde .. VIKTIG !!!!!!!

    – er du litt data teknisk, kan jeg anbefale deg å til anskaffelse av en liten hjemmeserver, gjerne da i linux, på den kan du ha eksterne lagringer, samt at linux har/er en god brannmur ..

    Før virus:
    – Hold virusprogrammet ditt oppdatert, søk gjerne etter oppdateringer en gang til dagen, dette kan settes til å gjøre automatisk, legg gjerne opp til en virusscan en gang
    til dagen, gjerne på den tiden du feks spiser middag elller kvelds, eller viss du vil la pcen stå på om natten er dette også en glimrende tid.
    – Hold Brannmur programmer oppdatert, sjekk igjennom alle «reglene/unntak/blokkeringer» at du blokkerer risikoprogrammer.. ikke slå av spørsmål om å spørre etter adminpassord..
    – Skaff deg gode og kanskje betalte Anti-Spyware programmer, søk ofte med den og ..
    – Les altid responser , omtaler og tilbakemeldinger på programmer du ikke helt vet hva er fornoe,
    – Klikk ikke på linker fra chatteprogramer som msn,irc,skype eller lignende, UTEN å spørre hva det er for noe, (spesielt ikke viss det inneholder ditt navn/mailad. i filnavnet)

    Ved virus:
    Kjør virusprogrammet flere ganger, plasser i karantene og muligens slett endel av virusene, sjekk opp hvilke virus, og gjerne les deg til skadene, (finnes virus beskrivelser på nett, av kjente antivirus produsenter,

    Kjør anti spyware og adaware flere ganger,

    Ta sikkerhetskopi av alle filene dine på en ekstern lagrings enhet,

    sett i windows cden og formater pcn og instaler windows på nytt ..

    Etter ReInstall :

    Instaler programmer du har brukfor, er det enkelte program du ikke har bruk for? som du ikke kommer til å få bruk for senere?
    klarer du deg uten det programmet? ja da ville jeg latt være å instalere det, det bruker plass og unødvendig mye oppstartsskapasitet,

    kjør straks antivirus programmer, anti spyware og lignende for å holde pcen din safe ..

    følg gjerne med i media/it avisen for flere tips og råd for å holde din pc sikkrest mulig ..

    Hilsen en jente som bare prøver å komme med velmenende tips å råd ..

  11.  
Legg igjen en kommentar