Bodø by night

Leif og eg har ein runde i dei ulike opplæringsregionane som dei ulike fylkeskommunane er organisert i, der vi presenterer digitale verktøy til bruk i ulike fag i vgs. I morgon står Bodø for tur, og eg har tatt turen dagen før; i fall flyet blir forseinka på kursdagen, er vi i alle høve ein som kan starte. 

Dette er samlingar som knyt saman ulike ressurspersonar, innanfor og utanfor NDLA. No er klokka 0110, og eg sit på hotellrommet og lagar ferdig dei siste skjermvideoane av presentasjonane vi gjer på seminaret. Grunnen til at eg er så seint ute, er altså at eit virus tok knekken på dei siste dagane, og no har eg endeleg tilgang til alle program og filer som eg hadde før. Oh, joy! Oh, happiness! No skal eg berre lage ein gjennomgang av koss vi kan nytte Google Maps til å skrive eit reisebrev, så tar eg meg nokre timar på øyret. Leif og eg nyttar programvaren Camtasia til å lage desse skjermvideoane, som vi deretter lastar opp til ulike LMS. Fint program å bruke til slikt.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Web 2.0, Ymse. Bokmerk permalenken.

1 svar til Bodø by night

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *