Asus eee

Asus eee får ein del presse om dagane, og eg må innrømme at tanken på ei lita, flashminne- og Linux-basert maskin med (trur eg?) lang batterilevetid er fristande. Å vere på reis med ein 17" flyttbar HP med WinXPer ikkje alltid like kjekt (inn og ut av veska på flyplassane, lang boot-tid, etc), men ikkje minst for skulane: Ei billeg maskin som koblar deg rett og lett på nett (jøss), og som ikkje gjev skulen store utgifter på programvaresida.

Sist ut er Stephen Fry, ein av dei skodespelarane eg set høgst, som i si "Dork Talk"-spalte dømmer Microsoft nedaom og heim grunna slike initiativ som dette.

Sjølv stiller eg meg tvilande til at noe kan vere så enkelt som dette; at eit slikt initiativ til dømes kan vere redninga for satsinga på IKT i undervisinga i norsk skule, til dømes, trur eg er ei overforenkling. Faktorane for slik suksess er mange og ligg langt utanfor spørsmål om val av plattform og maskinvare. 

Hadde eg derimot hatt eitt eller anna ansvar på ein eller annan skule i dag, hadde eg vurdert små, billege berbare Linux-maskiner, som til dømes eee, som erstatning for i alle høve Win-maskinene dei fleste kommunale og fylkeskommunale IT-avdelingane satsar på i dag. Eg ser svært lite ein ikkje kan gjere i skulen på slike maskiner, og svært mange fordelar: Robust OS, store mengder gratis programvare, nettsentrert (lagre, skrive, dele på nett), låg pris på maskinvare, etc. 

Når det er sagt: Linux er ikkje berre kniv gjennom varmt smør, fot i hose, barnemat, osv. Prøv å gå rett frå Mac/Win og installer td. Ubuntu på ei maskin du har liggjande, og som du deretter vil ha på nett, saman med ekstern skjerm, kopla til skrivaren din, og som du vil skal spele av lyd- og videofilene dine, og funke med lyd og video på nett. 

Men førehandsinnstilt (og dels spesialtilpassa til maskinvara) som på eee, det trur eg på. Det er jo slik Mac har greidd å lage stabile maskiner, då, og det er slik både eee og OLPC-maskina til Negroponte er laga. 

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Klasserom og data, Maskinvare, Programvare og OS. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *