Ny bok om digitale tekstar i skulen

Midt i all støyen kring innføring av PC-ar i skulen, og ein ny, digital basiskompetanse som elevane skal lærast opp i, vil eg tilrå alle skulefolk (leiarar, lærarar, studentar) å kjøpe norskboka.no, forfatta av min gode kollega Leif Harboe.

Grunnane til at eg svært gjerne tilrår denne boka er mange. For det første er boka god (eg fekk ho nyss, og har skumma igjennom, men kjenner mykje av dette etter mange felles kursrundar over heile landet), og ho er vidare skriven av ein person som både har interesse for overgangen til ein digital skriftkultur, som har mange års røynsler i den vidaregåande skulen, og som både kan og vil reflektere didaktisk kring spørsmål om dei digitale tekstane.

For det andre synest eg at fleire av dei gamle lektorane (ikkje det at eg trur de les denne bloggen) bør ta ei lita pause frå Ibsen (han er viktig nok, men kan takast opp igjen om ei lita stund) og setje dykk ned med ei slik bok. Når eg skummar igjennom nyheitsarkivet på Lektorlagets nettsider og ser at brorparten av artiklane (følgjeleg det som engasjerer lektorane i Lektorlaget mest) handlar om sutring over at vi no tar steget over i ein ny kommunikasjonsteknologi, blir eg a) oppgitt, og b) påminna kvifor eg aldri fann det aktuelt å organisere meg i ein slik høgrevridd og reaksjonær gamlisklubb.

Boka er svært praktisk orientert, og gjev konkrete og illustrerte døme på koss du kan nytte ulike tekstverktøy på nettet. I tillegg til mange tips du kan ta med deg rett ut i klasserommet, får du refleksjonar kring kjeldekritikk og åndsverkslov — koss å hente, vurdere og bruke digitale kjelder. 

Skular: Dette bør de kjøpe til lærarane dykkar, ikkje berre i norskfaget, men til lærarar i alle fag som har behov for at elevane skal lære seg å organisere produsere og lese digitalt materiale; ta notatar (t.d. til å bruke til eksamen), arbeide saman om dokument, lagre, vurdere, kommentere og sortere kjelder, presentere og publisere, dokumentere (både i skrift og i (levande) bilde), og mykje meir. Her har de stoff til mange avdelinggsamlingar, der de kan nytte dette som utgangspunkt for digitale strategiar i ulike fag. Her får det alt rett i nevane, jamvel i papirformat.

Og du, kjære gamle norsklektor, som sette punktumet for alt konstruktivt skrivearbeid då du avslutta hovudfagsoppgåva di om Garborg i 1970: I staden for å slite deg ut på det neste innlegget i Norsklæraren om kor fælt alt er, bør du setje deg ned med ei slik bok og sjå kva dette kan bety for koss elevane kan ta med seg ein svær litterær tradisjon inn i timane dine — ein tradisjon som ganske sikkert går under radaren din, men som likefullt er svært produktiv og høgst reell.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Ymse. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.