Byrjar Web 2.0. å stinke?

Via Andrew Keen les eg ein artikkel i Financial Times at Ebay har kutta ut høvet seljarane har til å vurdere kjøparane. Dette har vore ein funksjon som har vore skriven inn i "/…/ the constitution of the democratic republic of Ebay/…/," for å sitere FT-artikkelen; eit sitat som i seg sjølv hintar i retning av kor høgt vi har skatta slike funksjonar. Ebay sitt system for brukarstyrt vurdering av både kjøparar og seljarar har vore eitt av fleire døme på Web 2.0.-ifiseringa av nettet, saman med andre brukar- og delingsorienterte funksjonar og system: Wikipedia, tagging og deling av taggar, bokmeldingar og tilrådingar på Amazon, etc. 

Grunnen til at dette skjer, er at Ebay har hatt for mange dårlege erfaringar med seljarar som vurderer kjøparane negativt dersom kjøparane har noe å utsetje på kjøpet. Sladrar du på meg, sladrar eg på deg, med andre ord. Som FT-artikkelen seier det: "Even in the best of all possible online worlds, humankind eventually dissappoints." 

For dei av oss som er og har vore entusiastiske på vegner av sentrale drag ved Web 2.0.-teknologiane (Wikipedia, Amazons bokmeldingar og system for tilrådingar, tagging — i det heile tatt folksonomiane til skilnad frå taksonomiane) sit det langt inne å måtte innrøme at det luktar rart ein plass. Eg har sjølv nytta Ebay, og eg har orientert meg ut frå brukartilbakemeldingar på seljarane og synest dette har vore ein god idè. Rett etter jul vann eg ein bodrunde på ei nokså dyr sak, der seljaren var frå USA. I tilbakemeldingane som kjøparar hadde gjeve av denne seljaren, var det eit par kommentarar som handla om at seljaren hadde vore treig med å gje respons etter at kjøparane hadde vunne bodrunden. Akkurat dette skjedde med meg: Eg høyrte ingenting på eit par dagar, trass i at eg melde kjøparen nokre førespurnader om vara eg kjøpte. Følgjeleg maila eg etter kvart seljaren og fortalde at eg ikkje tok sjansen på å sende store beløp over dammen når eg ikkje følte at han responderte på meldingar eg sendte. Resultatet var ei tilbakemelding på brukarprofilen min, som var svært negativ (eg var useriøs, hadde trukke meg frå ein heilt korrekt gjennomført bodrunde og brote med pliktene eg hadde, etc.).  

Systema rundt oss blir vel aldri betre enn det vi sjølv er, og spørsmålet er vel då kor lang tid det går før vi eventuelt må erkjenne at dei digitale utopiane våre verken er meir eller mindre vellukka enn alle andre sosiale eksperiment, og av dei same grunnane: Det er heilt andre, både infrastrukturelle men òg svært grunnleggjande menneskelege, mekanismer som rår i ei verd, med dei følgjene det får for motiva til folka i denne verda. Dette har sikkert mange av oss hatt ei nagande kjensle av; kor lenge kan vi rekne med at eit fenomen som Wikipedia vil halde seg oppreist, koss i alle dagar kan eit system av gratis programvare halde seg på beina, kva motiverer folk til å delta i delingskulturar, etc. Driv vi rundt i Web 2.0.-tåka og snublar over den eine gratis lunsjen etter den andre?

Neppe. No kjenner eg berre overflatisk argumentasjonen delingsøkonomane driv med, men eg har aldri heilt late meg overtyde. Ebay-problematikken er ein ting, ein annan ting er det at Amazon produserer (eller sponsar) svært mange av det vi trur er bokmeldingar frå entusiastiske og delevillige brukarar, noe heilt anna er det at eg ser logikken i at i vår verd vil folk ha eitt eller anna igjen for innsatsen dei legg ned i ei bok, ein artikkel, ein kode til eit program, osv. Eg likar godt at einkvan kan stillast til ansvar for manglar på ei vare (og dei av oss som har kjøpt kjøken på Ikea er nøydde til å vere samde), og eg er sjølv nøydd til å prioritere tida mi, så lenge eg treng pengar for å leve. Vi er vel nokså rotfesta i ein slik økonomi, og det skal meir enn eit par entusiastar til for å endre dette. I tillegg lever vi i ei verd der fyren foran deg i køa på Rema ikkje leverer tilbake 200-lappen som dama som skal betale mistar på golvet, men heller stappar han i lomma. Slike folk skal òg (potensielt) vurdere deg på nettet, endre på Wikipedia-artikkelen om konsekvensetikk, etc. Med fare for å tagge meg sjølv som gamlis: Om ikkje what's-in-it-for-me-ideen er ein av pilarane under det norske huset (eg synest Jagland var heldig med denne, eg!), så er det i alle høve ein av nøklane til døra inn i huset.

Følgjeleg lurer eg på om vi som er opptekne av IKT i skulen må søkje svar på dei digitale (tekst-) fenomena andre plassar enn i svært laust formulerte teoriar og metaforiske skildringar av "sosiale teknologiar," "sosial programvare," "Web 2.0." og påstandar om "brukarstyring," "delingskulturar," etc. Det held ikkje å peike på 10-20 år gamle fenomen og dra slutningar som grip djupt inn i menneskeleg natur og nokså inngrodde strukturar på bagrunn av dei. Det kan godt vere at vi er på full veg inn i ein ny æra for teksten og skrivinga, men eg trur vi må søkje andre stader enn inn i maskina (og skape heilt andre metaforar) for å finne svar på koss vi skal nytte dette i skulen, før vi iverkset giganteksperiment som vi ser tendensar til i ei ukritisk og nokså gjennomgripande digitalisering av einskilde skular i Noreg.

(For gode (og, vil eg tru, inspirerande) innfallsvinklar til drøftingar om digital teknologi i skulen vil eg tru fleire skulefolk vil ha glede av Colin Lankshear og Michele Knobels artikkelarkiv. Dei har òg ein blogg.)

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Åpen skole / GPL, Klasserom og data, Web 2.0, Wikipedia, Ymse. Bokmerk permalenken.

2 svar til Byrjar Web 2.0. å stinke?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *