Komande teknologiar som vil påverke akademia

New Media Consortium har publisert The Horizon Report, der dei mellom anna peikar på seks "key emerging technologies" som sannsynlegvis vil "enter mainstream use in learning-focused organizations within three adoption horizons over the next one to five years." Vidare drøftar dei utfordringar og trendar i den same perioden.

Teknologiane kjenner vi igjen, og i fleire tilfelle er desse i bruk i skulane, i større eller mindre grad, og med varierande grad av gjennomreflekterte overbygningar:

(i) Grassroots Video — som til dømes filmar filma med heimeutstyr eller mobiltelefonar lasta opp på delesider (Youtube, JumpCut, etc).

(ii)  Collaboration Webs — deling av dokument online, online møteverksemd, etc.

(iii) Mobile Broadband

(iv) Data Mashups — tekstar som er bygd opp av data frå ulike kjelder, til dømes bilde frå Flickr som opptrer i samanhengar utanfor nettsidene til Flickr, embedding av YouTube-videoar (og andre element, som spel, quizzar, etc) i MySpace og Facebook, etc. Google Earth/Maps, Piczo etc. er og døme på mashup-venlege program/websider.

(v) Collective Intelligence — kunnskap og forståing som følgjer av grupper av folk; tagging av ressursar online, Wikipedia, etc.

(vi) Social Operating Systems — ei nettverktstenking der ein organiserer nettverket rundt folk heller enn innhald.  

Rapporten er interessant lesnad, og det blir peika på ei rekkje kritiske utfordringar for akademia framover. Desse utfordringane burde ha vore oppe til debatt her til lands, når vi no likevel drøftar kva kunnskapar er, i kjølvatnet av Pisa-krisa. 

 

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Klasserom og data, Lesing/skriving, Nettsteder, Programvare og OS, Web 2.0. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.