Eit tankeeksperiment

Med utgangspunkt i ein interessant diskusjon kring skulens syn på tekst og forfattar, i første omgang om skriftleg tekst, eit par postar ned («Norsklæraren revisited«), kastar eg ut ei skisse som er eit forsøk på å setje opp koss ulike tekstar kan tenkjast å forhalde seg til storleikane «tekst» og «forfattar.» Dette vil eg presisere er heilt vitskapleg uforpliktande, og gjort i ein fei i ein leikande ånd — svært spekulativt, med andre ord. I eit slikt diagram manglar masse informasjon (her skulle jo vore laga ei ordentleg korrespondanseanalyse med langt fleire faktorar inne: Grad av institusjonell tilknyting, etc.), men lat oss tenkje oss at vi plottar inn ulike tekstar i eit diagram med to akser; X: Tekst, med ein glidande skala frå fast til flytande, og Y: Forfattar/forfattarskap, med ein glidande skala frå einsemd til kollektiv. Klikk for leseleg (og stor) versjon: tekstogforfattar


For å byrje med polaritetane: Ser ein vekk frå forhald som institusjonstilknyting osv., vil her den klassiske og noverande avsluttande skriftlege eksamenen i norsk skule vere i det motsette hjørnet av Wikipedia, der Wikipedia er ein type tekst som etterstreber flyt, medan artiumsstilen (det heiter jo ikkje det, men la gå — det høyrest passe polemisk nedlatande ut) har såpass strenge krav at han både er lukka og endeleg. Vi ser òg at fleire av dei andre typiske skulestilane finst i det nord-vestre feltet, medan fleire av dei digitale sjangrane befinn seg i sør-aust på kartet. Viss vi hadde plotta inn fleire sjangrar som elevane skal forhalde seg til når dei er ute av klørne til norsklærarane sine, vil eg tru at dei aller fleste hamnar i austfeltet, med langt større aksept for kjeldebruk, redaksjonell hjelp, rettleiing og innspel i teksten enn det skulen tillèt. Avhandlinga vil eg tru høyrer heime rett under «Nyheitsartikkkel papir,» der produktet ditt gradvis blir forma av eit par rettleiarar, innspel på konferansar og frå fagfellevurderingar av artiklar som skal vere med, etc. Altså langt vekke frå den vidaregåande skulen sitt tekstideal.

Dette er jo berre eit tankeeksperiment, men det kunne ha vore interessant å realisere eit slikt prosjekt som ein kombinasjon av spørjeundersøkingar blant lærarar og elevar, i tillegg til tekstanalyser, der ein nytter korrespondanseanalyse på materialet for å sjå samanhengar mellom tekstsyn, maktforhold, tekstbruk, etc.

Poenget mitt er uansett berre det å argumentere for å opne for eit anna syn på kva tekst og forfattarskap er eller bør vere i skulen. Det skumle her er at dei to tekstane øvst til venstre er dei som langt på veg definerer koss skriving er i den vidaregåande skulen (trass i at det no blir gjort (stakkarslege) freistnader på å opne for kjeldebruk på avsluttande eksamen), medan tekstskaping i resten av verda oppheld seg langt vekke frå desse tekstane.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Lesing/skriving, Norskfaget, Wikipedia. Bokmerk permalenken.

5 svar til Eit tankeeksperiment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *