Digital impuls

er namnet på nettsjappa eg (heilt i tråd med namnet på sjappa) impulsivt bestilte meg ein Asus eee frå, etter å ha ergra meg litt over at Leif kom meg i forkjøpet. Eg vekslar heile tida mellom Mac og PC når eg skriv, så det skulle berre mangle at eg ikkje kompliserer det heile med å introdusere ein Linux-burk i samlinga.

Eg biller meg inn at det i livet mitt er eit tomrom mellom mobiltelefonen og jobbmaskina, som trass i si berbare forfatning til ei kvar tid er knytt opp til kablar, skjermar etc. eee kan vere maskina eg tar med meg rundt på campus, i møter, etc., i tillegg til å vere ei generell rotemaskin for idear, kjappe websøk, etc.

Som tidlegare nemnde Leif Harboe har vore inne på, kan slike billege og web-sentrerte småmaskiner ha eit potensiale i skulesamanhengar, så det blir kjekt å få kloa i denne maskina.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Maskinvare, Programvare og OS. Bokmerk permalenken.

10 svar til Digital impuls

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *