The well-informed douche bag

I ein artikkel i Washington Post online skildrar Gene Weingarten eit eksperiment der han har låst seg inne i eit rom i 24 timar med 6 TV og ein laptop for å sjå koss politiske nyheiter spreier seg i ulike bloggar. I innleiinga fortel han ei historie frå barndomen om ein kompis av bestefaren, Boris, som var den best informerte personen dei visste om. Kvar morgon rusla han til biblioteket, uklanderleg kledd opp i dress, og las alle avisene på biblioteket frå byrjing til slutt, før han seint på dagen rusla heim. Historia blir avslutta med følgjande innsikt:

«Even as a little boy, in that intuitive if primitive way that children comprehend important things, I understood the fundamental truth that Boris was, in some clear but compelling way, a douche bag.»

Og her sit eg (og sikkert mange med meg) klokka halv ti, ikkje på langt nær halvveges igjennom min daglege RSS-matingar, og har i tillegg til Facebook-forpliktelsane mine og ein sjekk gjennom det utmerka www.aldaily.com for nye artiklar funne fram til Twitter, som krev eit blikk i ny og ne. Som Boris kan eg altså rekne med å rusle heim i skumringa i kveld, informert om kva alle eg kjenner gjer på, sett bilder frå festar og turar, lese eit stort antal bloggpostar og nyheitsingressar/-artiklar frå eit stort utval kjelder, utan å ha gjort særleg mykje av det eg skulle gjere. Eg har kommentert nokre bloggar, og skrive eit par linjer i eigne bloggar, som blir lesne av ein liten handfull folk. I tillegg har eg rapportert det eg gjer og ikkje gjer på Twitter. Eg er godt på veg til å bli ein douche bag.

Leif Harboe og eg har snakka med mange lærarar om viktigheita av å nytte verktøy som Bloglines/Google Reader for å sortere dei store mengdene info på nettet. Viktigare er det etter kvart å snakke om koss å sile ut masse heller enn å få kontroll over meir, kaste heller enn å digitalhamstre.

For å kople dette til læring og eigne læringsmål. Eg har 4 år på meg til å bli ferdig med ein doktorgrad. Eg har mange bøker som skal lesast, mykje som skal skrivast, og mykje god lesnad finn eg på nettet. Men blir eg 100% klokare (for å forenkle dette litt) av å auke stofftilfanget med 100%? Eg trur heller at ved å auke infotilgangen, set eg i gang ei heil dominorekke av følgjer, der veldig mange avgreiningar er negative:

For det første trur eg ikkje på ein proporsjonalitet i forholdet mellom stofftilgang og læring. For meg tårnar det seg gjerne opp på ein slik måte at ein av dei viktigaste eigenskapane eg som lærande kan ha, fokus, forsvinn. Eg blir kan hende 10% meir informert av å auke stoffmengda med 100%, men prisen er tap av oversyn, fokus og til slutt motivasjon. Effekten av dei 10 prosenta ikkje berre forsvinn, men situasjonen snur seg og verkar motsett: Eg bruker mykje verdifull tid og energi på unødig arbeid, eg går rundt med ei nagande kjensle av (eller panikk for) at eg går glipp av noe «der ute» — kort sagt: Eg blir ikkje betre på det eg held på med, eg blir dårlegare.

Men eg blir jo i det minste ein velinformert douche bag.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Lesing/skriving, Web 2.0. Bokmerk permalenken.

7 svar til The well-informed douche bag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.