Digi.no har i dag ei sak om at artistar vel seg vekk frå iTunes av di dei sel meir over disk. Dømet dei dreg fram er Cro-Magnon-rockaren Kid Rock, som har 1,7 millionar eksemplar av albumet «Rock’n’Roll Jesus» over disk (albumet blei ikkje lagt ut på iTunes), og hamna på tredjeplass på Billboardlista. Dette har fått selskapet til å trekke eit album frå Estelle vekk frå iTunes, ei av dei der R&B-artistane som er like givande å høyre på som det det er å glo ned i ein tallerken mjøl. Artistande blir visstnok i tillegg indignerte av policyen med å insistere på sal av enkeltlåtar, ikkje berre heile album. 

Som ein av kommentatorane til artikkelen seier, er nok dette meir ei sak platebransjen, som selskapa og distributørane deira, sveittar av. iTunes og liknande initiativ (DRM-diskusjonen aside) representerer trass alt eit nokså reint alternativ til Limewire og torrent-nedlasting, der den som har laga musikken får betalt. Det er svært mange andre ting det ikkje går an å gjere stort med, som til dømes å reversere utviklinga i kjølvatnet av digitaliseringa av musikkmediet (i alle ledd av produksjons- og distribusjonsprosessen) og følgjene av det (nye avspelingsmedium, nye måtar å oppdage, høyre på, skaffe seg musikk, osb). Joda, det er framleis folk som svergar til LP-plata, og dei har heilt sikkert langt på veg rett i at lyden er betre og at det er kjekkare å lese på eit LP-cover enn på eit CD-cover. Men LP-plata si tid er forbi, trass i slike krampetrekningar blant folk, og kidsa har vakse opp med at musikken er tilgjengeleg frå nettet eller PC-en til kompisane, og at infoen om artistane, «platecovera,» ligg strødd ut over heile nettet. Skulle til dømes Miley Cyrus ytre seg på TV, er det på YouTube i løpet av timar, noe jentene på 12 veit svært godt. 

Det er noe demografisk her som talar imot argumenta til platebransjen, om no digi.no har fått det med seg rett. Kid Rock er ikkje for dei same som Estelle, så det forundrar meg ikkje at white thrash-35-åringane tørkar smoltfeittet av fingrane og køyrer til næraste platebutikk for å kjøpe plater. Verre er det med tenåringane som høyrer på Estelle. Eg trur at dette har med kva verd du har vokse inn i. Dermed har det med alder å gjere, men ikkje nødvendigvis noe som endrar seg når du blir vaksen. Dottera mi på 11 kan godt bruke sparepengane på ein CD, men ho finn jo alt og mykje meir til på nettet, så kvifor skal ho ikkje bruke tohundrelappen på WOW heller? Verda hennar er annleis enn den eg voks inn i, og den greier ikkje platebransjen å gjere stort med. 

Dessutan er det merkeleg kor desse diskusjonane blir moralistiske. I bokbransjen er det nokså tydeleg, der dei som er vande med bøker, altså dei som skuleverket i årevis har blitt lært opp i ein bestemt teknologi for lagring og distribusjon av tekst, vil argumentere for kor mykje betre det er med papirbøker enn tekstar på skjerm. Papir er mediet for dei lange og gode tankane, medan skjermen er for alt det andre vaset. Digital musikk er på same måte øydeleggjande for heile opplevelsesverda, (den smått religiøse) inderlegheita i det å lytte til eit verk–eit album!– der jamvel storleiken på mediet blir framheva som overlegent.

Bak all denne moralen ligg ofte bransjen som speler på dette, jamfør dei ulike leseinitiativa i skuleverket («Gi rom for lesing» osv.) som i mange tilfelle er skitne blandingar av reine salsframstøt og moralistisk-nostalgisk vas om kva lesing er.

Ett svar på “Kampen mot vindmøllene”
  1. e sier:

    Dette var velformulert og nett etter mitt hjarte!

  2.  
Legg igjen en kommentar