SNL og NDLA

Odin skriv under om SNLs omlegging av leksikonmodellen sin, og nemner i eitt av punkta NDLA. Eg har svært lite å føye til alt som er skrive i bloggosfæren om dette, anna enn at eg òg samstemmer i den litt skeptiske gleda ein kan fornemme. 

Eg må likevel innrøme at eg i mi tid som NDLA-medarbeidar (frå byrjinga av prosjektet og i alle høve ut året) dels har blitt småparanoid, dels har blitt (lettare) konspirasjonsteoretisk. Idegrunnlaget til NDLA, frie og opne ressursar, stimulering av dele- og produksjonstanken, som har vore eit mål (om ikkje realistisk gjennomførbart på alle punkt, dersom ein no skal vere pragmatisk) frå byrjinga, synest eg er eit svært godt selling-point for NDLA-prosjektet: Dette er ikkje ei gratis lærebok! Dette er ein arena med tekstar og verktøy som offentlegheita eig, ikkje ein redaksjon, organisasjon eller utval forfattarar, og du kan ta dette med deg inn i LMSas, ut på weben, eller ned på papir. Etter kvart kan du òg nytte NDLA som arena for deling, samarbeid og publikasjon. Å kalle dette ei lærebok er som å kalle bob-bana på Lillehammer ein tyttebærrensar. Det kan nok brukast slik òg, men det er svært nærsynt.

Lisensieringsmodellar som er tilpassa ei anna medieverkelegheit enn den Gutenberg sparka igang er eit viktig verkemiddel for å halde desse ideane oppe. Sidan Aschehoug og Gyldendal ikkje seier noe om dette, anna enn at programvaren dei vil bruke vil bli open source, reknar eg med at det vil bli like lukka som det er no. Altså: A&G eig alt, du kan ikkje ta det med deg utan vidare ned på print, ut på Google Earth, eller inn i ein LMS. 

Vi står då igjen med eit heilt vanleg leksikon, gratis som følgje av reklamefinansiering, men med eit utvida arsenal av forfattarar administrert av fagansvarlege som igjen rapporterer til A&G-redaksjonen. Det er ikkje opning for å leggje inn artiklar, slik eg les dette, men «anledning til å bidra med nytt innhold – artikler om nye temaer, omskriving av eksisterende artikler, bilder m.m..» Desse artiklane, omskrivingane, bildene, er forslag som skal  «kanaliseres til fagansvarlige for vedkommende fag for evaluering for opptak i den kvalitetssikrede kjernen.» Det luktar litt «vi-må-finne-noe-sprekt-å-gjøre-ish-for-denne-utviklingen-på-nettet-har-kommet-så-langt-derre.» Slik tenkte Metallica òg, då dei oppretta ein YouTube-kanal for å heidre fansen sin, etter at dei hadde tråkka på dei ved å dra 300 000 smågutar for retten for å ha lasta ned Metallica-låtar frå Napster. Du kan jo klikke deg inn på MetallicaTV og lese nokre av kommentarane for å sjå koss dette er mottatt. 

Vel. Eg er open for at her ligg føringar som er lang meir radikale enn dette, for dette er ikkje mykje til endring. Interessant er det, og her kjem poenget om konspirasjonsteoriar og paranoia inn, at det blir opna for eit «lag 1,» ei redaksjonell godkjent kjerne, og eit «lag 2» med brukargenerert innhald, der ein kan flytte artiklar frå lag 2 opp til lag 1. Dette er ein av dei berande ideane i NDLA (lag 2 blir forsøksvis implementert i haust), og eitt element i det å lage læremiddel som forlaga har brukt nokre år på å le seg skakke av til no.

Brukargenerert innhald, deling, wikiar, har altså med eitt handgrep gått frå å vere tøv og fjas i forlagsverda til å bli ein forretningsmodell. 

Ein siste bekymring: Eg fryktar, når no SNL går ut og hankar inn «creative commies» som Eirik Newth, at dei ressursane som før gjekk til å oppdatere og forsvare Wikipedia no blir kanalisert inn i eit forlagsinitiativ som blir lukka i andre lisensar enn (opne variantar av) Creative Commons. Odin er inne på det same under: Kva om ein nyttar offentlege midlar til å forbetre no/nn.wikipedia.org framføre å sponse forlaga i det som ser ut som det same, gamle toget mot opne kunnskapsressursar? Eg er sikker på at ein ABM-million i året kan gjere gode ting for Wikipedia, både på nynorsk og bokmål.  

Og kommentaren om at det no er opna for nynorske artiklar gidd eg ikkje eingong kommentere.

Om Arne Olav

Doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger.
Dette innlegget ble publisert i Åpen skole / GPL, Læremidler, LMS, Nettsteder, Programvare og OS, Web 2.0, Wikipedia. Bokmerk permalenken.

2 svar til SNL og NDLA

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *