Om Arne Olav Nygard

Eg er stipendiat i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger, og skriv om digital tekstkultur. Tidlegare har eg jobba i den vidaregåande skulen (hovudsakleg ved Forus vidaregåande skule), i tillegg til ein periode i reklamebransjen. Ved sida av dette held eg kurs i ei rekkje emne som handlar om digital tekstbruk, og eg er òg for tida tilsett som redaksjonsmedarbeidar i norskdelen av det digitale læreverket til NDLA.

Utanom dette er eg musikar, og er å finne både på nattklubbar, pubar og innspelingar, når eg idå kkje er heime med familien min (kone og ein unge kvar frå tidlegare ekteskap, i tillegg til ei jente vi har saman). 

Eg står òg bak bloggen virtuelvis.blogspot.com (sjå lenkje i høgremenyen her på bloggen). Sidan det er lite med organiserte lønsjpauser i stipendiattilveret, nyttar eg denne bloggen til kommentarar som hadde kome medan eg tygde brødskjevene mine i lønsjen på jobb.  

arneolavnygard@gmail.com

Ett svar på “Om Arne Olav Nygard”
  1. […] langt en intro fra fylket, og nå holder Arne Olav Nygard på å holde foredag om overgangen til skole 2.0. Fokus på tekst, lesing og skriving, men poenget […]

  2.  
Legg igjen en kommentar