Posts Tagged “virus”

Dette er en av disse tingene som jeg egentlig ikke trodde var mulig. I Stavanger Aftenblad forteller de i dag om det hissige viruset som er i omløp på SUS og de videregående skolene i fylket. I to uker har SUS (og Helse Vest) vært plaget med et virus / en orm (artikkelen er ikke helt tydelig der) som nå har spredt seg til de videregående skolene. Fylkeskommunen stengte derfor ned internett til alle skolene i går ettermiddag for å få «kontroll» over situasjonen.

Hva er nå dette?! Har virkelig ikke SUS/Helse Vest bedre kontroll på IT-systemene sine? Har virkelig ikke fylkeskommunen sikret skolennettene slik at en slik spredning ikke skulle være mulig – når de vet at de har en masse potensielle smittemaskiner i nettverket sitt (les: elevmaskiner)?

Jeg er jo klar over at jeg nå sitter godt plassert i glassavdeling til Brødrene Pedersen og kaster stein så det står etter, men hos oss det er ikke et virus som kommer til å være problemet. Vi har mer det vanlige problemene alle skoler har – security by obscurity! Vi har tettet alle «vanlige» hull – eller rettere sagt, det er ikke så mange hull å tette når vi kjører linux-baserte system – men nivået på brukerne tilsier at tilgangen til de ordinære brukersystemene er så enkelt at det er lett, for de som virkelig vil det, å lage problemer for oss som drifter systemet. Men vi får ikke virus som tar ned hele systemet og som gjør at vi må koble ut internett(!).

Noen fra videregående skole må gjerne kommentere litt mer her…

Comments 2 Kommentarer »

… tør vere eit kjent tema. Eg er ein Mac-brukar av legning, men liker mange ting ved Windows, og bruker XP på jobb, men likevel er eg overraska over kor fort ein kan bli ramma. Her er erfaringane mine frå dei tre siste dagane. Eg tenkjer med gru på koss dette kan arte seg i eit fylkeskommunalt nett, med tusenvis av tenåringar med kvar si utgåve av Windows:

Dag 1, om kvelden: Mellom eit par episodar av The Wire (sesong 3, no ventar eg på at sesong 4 kjem på DVD i februar) får eg ei melding på MSN av ein tidlegare elev, om lag slik: «Hei, du! Er dette et bilde av deg [smilefjes og animert spørjeteikn]? Fant det på Facebook, det hadde din mailadresse under [lenke til ei nettadresse med mi mailadresse til slutt].

Eg klikkar på lenka, av di eg får slike meldingar heile tida, men virusprogramvaren på maskina fortel meg at her er det noe muffens, så eg får ikkje opna lenka. Eg lèt det vere med det.

Dag 2, om morgonen: Eg får ei melding av Odin (som skriv her til bloggs, og som er i MSN-kontaktlista mi) om at eg spyr ut meldingar som eg sjølv har fått, via MSN. Eg sjekkar maskina igjen med 3 ulike typar virusprogramvare (eitt som universitetet har preinstallert, AVG free edition og Spyware Doctor, som skal ta trojanarar etc.), og reinskar ut masse gruff. Maskina oppfører seg rart, og eg kjem meg ikkje inn på universitetets lokale nettverk. Alt dette bruker eg stort sett heile dagen på.

Dag 3: Eg blir utesteng frå heile UiS’ nettverk, av di maskina mi har ein unormalt høg trafikk. Ein techie kjem innom og reinstallerer alt, og vi håper at alt er bra. Eg bruker resten av dagen på å reinstallere programma eg treng (berre å rekonfigurere Firefox er nokre timars arbeide). Framleis er eg utestengt av det lokale nettverket, og kjem altså ikkje til dokumenta mine.

Dag 4: Det er i dag. No er det morgon, og maskina mi er tydelegvis ikkje rein, og IT-avdelinga vil ikkje opne for tilgang til det lokale nettverket og dermed dokumenta mine. I morgon reiser eg for å kurse skuleleiarar i Bodø, og treng sårt å få tilgang til nokre skjermvideoar eg har laga i Camtasia, som ligg på UiS-serveren min. Fyren som fiksar opp i dette er i møte, og maskina mi er tydelegvis sjuk.

Javel. Er det ein lærdom i dette? Eg hadde gått i den same fella igjen, for med så mange meldingar i løpet av ein dag, er eg avhengig av at teknologien finn farane for meg. Dei fleste, i alle høve. God virusprogramvare, med andre ord, og ikkje det eingong er nok.

Eg har byrja å sjå meg om etter online lagringsmulegheiter (iDisk frå Apple, til dømes), der eg kan ha backup av dei viktigaste dokumenta mine. All mail har eg på Gmail, og passord til ulike programvarelisensar har eg òg lagra online, så eg var nokså kjapt funksjonell igjen etter ein omstart: Så mykje som muleg online.

Men likevel: Det er problematisk at Win er så mottakeleg for skadelege virus som dette. Går det ikkje an å verne seg betre? Eg har brukt ei veke på å kome på plass igjen snart, og dette har eg ikkje tid til ofte.

Comments 10 Kommentarer »